Brannen ved Hareid ungdomsskule er no sløkt.

Politiet opplyser at branntilløpet skriv seg frå at det er påtent papir i bosskasser. Dette var to plastbøtter på to ulike toalett som ligg 50 meter i frå kvarandre.

Lærarane sørga for å sløkke elden før naudetatane kom, og det skal ikkje ha oppstått personskader.

Politiet er tilkalla for det er mistanke om at brannen er påsett.

Brannvesenet var raske på staden, og brannen er sløkt.

Kanskje ikkje undervisning i dag

Dei materielle skadene er ikkje store, det var meir røykutvikling enn eld.

Det er ikkje sikkert det blir meir undervisning i dag. Dette fordi det var store mengder røyk i bygningen, og det må luftast ut.

Ein elev fortel at då dei kom inn att etter eit friminutt, vart det oppdaga røyk i gangen, og i det same gjekk brannalarmen. Lukta i bygningen er ikkje bra.

Straksetterforsking

Politiet har sett i verk straksetterforsking.