Hareid kommune har vore plaga med at folk dumpar gjenstandar blant hageavfallet i  Hareidsmyrane. No har det skjedd igjen.

Måndag i middagstida fekk Vikebladet Vestposten telefon frå ein person som hadde nytta det fine veret til å rydde litt i hagen sin.

- Eg vart svært forundra då eg kom fram til hageavfallsplassen med ugraset eg skulle dumpe. Midt ute på plassen stod ein furekommode av det svære slaget, eit stereoanlegg og fleire hageputer. Alt saman tydeleg slikt som nokon berre vil kvitte seg med, seier mannen.

Han vedgår at han vart fortørna over synet.

Mannen har i friskt minne at uteseksjonen i Hareid kommune opp til fleire gonger har varsla at dersom ikkje folk sluttar å legge frå seg anna enn hageavfall, så må plassen stengast.

- Det vil vere svært trasig for oss som har hus og hage i Hareid. Hageavfallsplassen er eit godt tilbod, som vi ikkje vil misse. Så dei som gjer slikt som dette, er med på å øydeleggje for oss som har bruk for å kunne plassere hageavfallet vårt der.

I tillegg går eg ut frå at det skaffar Hareid kommune meir arbeid, og kanskje også større utgifter, legg han til.