I går kveld heldt kommunalsjef Marit Botnen og dagleg leiar Rune Urke i Ulstein Eigedom KF eit informasjonsmøte for dei som bur i kommunale husvære på Øvre Ulshaug i Ulsteinvik.

Meldingane om at pensjonærar  som bur i desse bustadane i dag, skal flyttast til omsorgsbustadane som er  under oppbygging i Holsekerdalen, har skapt stor uro.

Fleire av dei som bur på ØvreUlshaug hadde med seg pårørande, og det var mykje folk som var møtt fram til informasjonsmøtet på Bygdastova.

Kari «kuppa» møtet

Men det vart heilt stilt i stova då Kari Gurskevik på over 90 år tok ordet. Sitande i ein stol, med mikrofonen framføre seg, fortalde ho om sinnstilstanden etter at ho for kort tid sidan vart kjend med at planen var at ho skulle flyttast til Holsekerdalen.

Det har ikkje vore lett å sove, og både eg og dei andre som bur her har blitt både sine og deprimerte, fortalde Gurskevik.

Kritikk for manglande informasjon

Ho retta kritikk til kommuneleiinga for at dei ikkje hadde kontakta dei som bur på Ulshaug tidlegare. Både for å spørje kva dei ønska seg, og for å informere om planane.

Sjølv om vi begynner å dra på åra, likar vi tanken på å bli tatt på alvor, bli rekna med, varsla ho.

Kari Gureskevik peika på at bustadene på Ulshaug er heimen deira. Det er der dei har tinga sine, og det er der dei kjenner seg trygge.

Marit Botnen takka Kari Gurskevik for innlegget, men presiserte at  det  ikkje står nokon stad i saksutgreiinga om tvangsflytting. Slikt driv ikkje kommunen med.

Får bu på Ulshaug

Botnen kunne opplyse at rådmannen mandag har utforma eit nytt punkt til saka som i dag skal til handsaming i formannskapet. Forslaget er ei presisering av at alle skal få bu på Øvre Ulshaug så lenge dei føler eg trygge og klarer seg sjølve. Der skal vere same tenestene som i dag.

Men til sjuande og sist er det politikarane som har avgjerda.

800 kr meir i månaden etter oppgradering

Planen er å oppgradere bustadane på Ulshaugen, dette er kostnadsrekna til 3 millionar kroner. Dagleg leiar Rune Urke kunne opplyse at når dette er gjort, vil husleiga bli plussa på med 800 kroner i månaden. Men det kravet kjem ikkje før oppgraderinga er ferdig.

Både Kari Gurskevik og dei andre kvinnene som bur på Ulshaug verka beroliga etter møtet med Marit Botnen og Rune Urke.

Saka skal til handsaming i formannskapet i dag, og til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Les meir om orienteringa av dei ulike omsorgstilbod i Ulstein kommune i torsdagsavisa.