Styret i Vestre Sunnmøre lokallag av NFU har kome med ein uttale om husleigesatsande for dei nye omsorgsbustadane i Holsekerdalen.

NFU arbeider for eit samfunn der alle er inkludert ut frå sine føresetnader. Visjonen deira er at vaksne menneske med utviklingshemming skal ha rett til eigen heim.

– Det kan ikkje krevjast at ein flyttar til bestemte bustader for å få hjelp. Dette meiner vi er i strid med norsk lov, skriv dei og likar dårleg at folk med funksjonshemming skal samlast.

Reagerer på prisen

Når det er sagt reagerer dei på prisen på dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen. Det er gjeve tilbod til ni personar om å flytte til Holsekerdalen, dei fleste pårørande/verjer var i utgangspunktet ikkje negative til det. Men no som dei ser prisen reagerer dei. Dei synest husleiga er høg. Det er viktig at prisen ikkje blir så høg at det hindrar dei i å ha ei aktiv fritid og delta i samfunnet på lik linje med andre. Ei aktiv fritid gjev god helse. Etter det styret i NFU kjenner til har to verjer protestert skriftleg på husleiga.

– Dei har frå før ei lita inntekt, og må i alle fall få oppretthalde den levestandarden som dei har i dag, skriv styret i NFU.

Ber om konsekvensanalyse

Dei ber om at det blir utarbeidd ei konsekvensanalyse som omfattar både det omsorgsfaglege og det sosialfaglege ut frå dei som skal flytte sine individuelle behov, og om kvar einskild har økonomi til husleiga det er gjort framlegg om.

Dei meiner eit generelt prinsipp bør vere at ein person som har lovfesta rett til eit kommunalt omsorgstiltak/omsorgsbustad ikkje skal få avslag på søknad om tildeling på grunn av at vedkomande ihar for låg inntekt.

Til formannskapet i dag

Ulstein formannskapet har møte i dag der dei skal ta stilling til dei føreslegne prisane til husleigesatsar for dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen og Sjøsida, og bruk av omsorgsbustader på Øvre Ulshaug. Deretter går saka til kommunestyret.

Kari fekk att nattesøvnen

Har rekna ut ein pris