I kveld vart det kunngjort under Extratrekninga på  TV at Rotarystien får 25.000 kroner til skilting av Rotarystien.

Det er Hareid Revmatikarlag som har søkt om midlane.

Leiar Else Gjerde fortel at laget for eit par veker sidan fekk vite atdei var trekt ut til kandidatar til å vinne 25.000 kroner. Vilkåret var at laget måtte sende bilde av Rotarystien som var så gode at dei kunne synast på TV.

Barnebarnet Simon Gjerde Tonev vart hyra inn til å fotografere, og dei innsende bilda vart godkjende av produsenten.

Dermed var det berre å vente. I dag klokka 18.30 sat Else Gjerde og resten av styret spente framfor TV-apparata.

- Vi vart kjempeglade. Det er viktig å få skilta råsa, kommenterer Gjerde.

I fjor fekk laget forresten 48.000 kroner i Extramidlar.

Glade turkvinner på brua over Hareidselva. Foto Simon Gjerde Tonev/Extrastiftelsen.