MAFOSS har vore ein av pådrivarane i å hindre at "Ullensvang" skulle setjast inn i sambandet Hareid-Sulesund. No er slaget tapt, i alle fall i første omgang.

Dagleg leiar Terje Høybakk i MAFOSS meiner dette er eit tap for både medlemsbedriftene og dei mange pendlarane som er avhengige av regularitet i sambandet. At bilar står att, eller at ferja ikkje held ruta, kan fort få  konsekvensar.

I brevet som MAFOSS har sendt til Fylkeskommunen, vil dei ha svar på fleire spørsmål.

Blant anna  kva tolepunktF ylkeskommunen for tidsavvik i den oppsette rutetabellen for at det ikkje er i samsvar med kontrakten. Er det 1 minutt, 2 minutt, eller er det ikkje noko i det heile tatt?

MAFOSS vil også vite kva tiltak  Fylkeskommen har overfor reiarlaget dersom ferjemateriellet ( M/F Ullensvang) ikkje klarer å halde rutetabellen?

Er det et avvik som betyr at fylkeskommunen kan krevje anna materiell ?

Har Fylkeskommunen andre sjansar til å sanksjonere overfor reiarlaget dersom avvik i rutetabellen er regelmessig og fleire gongar pr dag?

Er det brot med kontrakten dersom materiellet ikkje fungerer?

Er det andre klausular i kontrakten mellom Fylkeskommunen og Norled som kan terminere kontrakten dersom ferjemateriellet ikkje fungerer?

MAFOSS vonar på klare og tydelege svar frå Fylkeskommunen, som i denne saka er oppdragsgjevar og avtalepartnar med Norled.

Høybakk varslar at MAFOSS kjem til å følgje saka tett også i tida som kjem.