Førre veke var ordførar Jan Berset på eit møte i fylket om regional delplan for attraktive byar og tettstader. Han sa der at han ikkje kunne snakke på vegner av Herøy, Ørsta eller dei andre kommunane i regionen, så han tala varmt for Ulstein. På formannskapsmøtet attfortalde han delar av det han sa på fylkesmøtet.

Han viste til den formidable utviklinga i Ulstein kommune, særleg dei siste ti åra. Og folketalsauken held fram. Prognosane seier at folketalet i 2025 vil vere 50 prosent høgare enn i dag.

Mange pendlar frå Ålesund

Ulstein kommune har ei arbeidsdekning på 130 prosent. Mange kjem frå andre kommunar for å arbeide i Ulstein.

– Pendlarsituasjonen her er heilt unik. Det er dobbelt så mange som pendlar frå Ålesund til Ulsteinvik enn motsett, sa Berset.

Han viste også til den gode handelsstatistikken Ulsteinvik har hatt i mange år. Det er tydeleg at dette er eit sentrum som mange kjem til for å handle. Ulstein har hatt same tal for handel per innbyggjar som andre byar i fylket.

Ordføraren tok også med trasevalet for E39. Regjeringa valde ikkje den kortaste vegen, men om Ulstein, for dei innsåg at det var eit sentrum.

– Kjem du opp i førstedivisjon får du andre verkemiddel, varsla Berset som vil ha slutt på at Ulstein blir definert som eit delregionsenter.

Om kommunen kjem opp ein divisjon er dette noko dei kan bruke vidare for å gjere det endå meir attraktivt å flytte til Ulstein.

Sakna ein mellomdivisjon

Magne Grimstad jr. (Ap) meinte det vart litt krampaktig å samanlikne Ulstein med Ålesund, men såg dei treng same verkemidla. Knut Erik Engh (Frp) meinte der burde ha vore ei klasse imellom, men så lenge det ikkje er det må det vere lov å ha ambisjonar. Pål Grødahl (V) var oppteken av å inkludere Volda, Ørsta og Fosnavåg i uttalen frå Ulstein. Det var dei samde om. Ordføraren fekk fullmakt til å skrive eit brev.