Brandal Vel har søkt om å få fullfinansiert ei utbygging på Pakkhuskaia som trafikktryggingstiltak.

I følgje søknaden er der ein ”farleg trekant” i hjørnet av kaia, aust for steintrappa. Der står store klippesteinar opp av sjøen, og kaikanten manglar sikring.

Velforeninga fortel om mange nestenulykker for både bilar og fotgjengarar. Der står også framleis restar av gjerdestolpar, som mange har skadd seg på.

Det bilr også peikt på at bilar kan kome til å køyre på sjøen på grunn av manglande kantlist.

Å setje opp eit gjerde vil ikkje løyse problema. - Vinterstida vert all snø i sentrum pløgd utfor kaia, og eit gjerde vil derfor vere i vegen for snøbrøyting, skriv velforeininga.

Det er gjentekne signal frå innbyggarane som har fått Brandal Vel til å ta på seg oppgåva med å få til ei forsvarleg og brukbar løysing.

Denne løysinga går ut på å bygge ei lita kai på om lag same nivå som «sjarkekaia» på motsett side.

Mesta har sagt ja til å ta på seg grunnarbeidet, som er estimert til kr. 175 000 kr.

Brandal Vel ber kommunen gjere sitt for at tiltaket kan bli fullfinansiert ved at det kjem inn som eit trafikktryggingstiltak i kommunen.