Ifølgje ei pressemelding frå WestAuto AS har selskapet inngått ein avtalet med Corrosafe AS om opninga av eit dinitrolsenter i Brendehaugen i Ulsteinvik. Ulsteinvik Dinitriol Senter skal opne i løpet av september.

- Dinitrol rustbeskyttelse er basert på meir enn 60 års erfaring, forskning og utvikling. Dinitrol er verdensleiande leverandør av spesialiserte behandlingssystem samt praktisk rustbeskyttelse, skriv West Auto i pressemeldinga.

Corrosafe AS har har ifølgje nettsidene sine om lag 30 behandlingsverkstadar som er retta inn mot importhamner, bilbransjen og sluttbrukarar. No kjem det også ei avdeling på Hareidlandet.