Eit slag med knytta neve mot ein politimann tidlegare i år, har gitt ein ung mann frå Ytre Søre fengsel i 16 dagar, utan vilkår.

Sunnmøre tingrett har bestemt at han også må betale sakskostnader på 10000 kroner.

Bakgrunnen for dommen er at den unge mannen under ei tilstelling på Trudvang, Hareid, i vår, slo ein politimann med knytta neve då han prøvde å hindre han i å gå inn i ein slåssituasjon.

Ein annan politi gav den unge mannen pålegg om å forlate staden, men motsette seg dette.

Mannen har erkjent straffeskuld for desse forholda.

Samfunnsteneste tidlegare

Han er tidlegare dømd til samfunnsteneste for ulike overskridingar av vegtrafikklova, og i perioden 2010-2014 har han fått fire bøter for blant anna brot på legemiddellova.

Vald mot politiet skal straffe seg

Det er ein klar hovudregel at det ved domfelling for vald mot politiet skal reagerast med ubetinga fengselsstraff, også ved mindre grove overtramp.

Allmennpreventive omsyn gjer seg sterkt gjeldande i slike saker på grunn av vern av polititenestemenn i vanskelege situasjonar. Det er lite rom for bruk av samfunnsstraff eller betinga fengsel.

Retten kom fram til at det ikkje låg føre spesielle forhold som med tyngde kunne fråvike hovudregelen om ubetinga fengsel.

Mannen kan heller ikkje dokumentere at han har vore rusfri sidan episoden. Under ein episode seinare observerte politiet at han hadde rusa seg. Basert på dette konkludete retten med at mannen ikkje fylte vilkåra for samfunnsstraff.