Ulstein kommune er mellom dei kommunane i fylket der innbyggjarane tener bra, uansett kjønn. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for personar i 2011 var på 390.500 kr. For menn var det 483.700 kr, for kvinner 285 400 kr. Kvinnene tente altså gjennomsnittleg 59 prosent av det menn tente.

Samstundes er det stadig større prosent av innbyggjarane som fell under EU si fattigdomsgrense, når ein ser på inntekta til private hushald etter skatt. Men det er færre born i Ulstein enn elles i landet som bur i husstandar med låg inntekt.

I følgje EU ligg fattigdomsgrensa på 60 prosent av gjennomsnittinntekta i eit land eller område.