Tre av fire vidaregåandeelevar på Vestlandet skriv på dialekt på Facebook, men dei er ikkje dårlege i norsk av den grunn, viser ei ny undersøking.

Ungdommane er heller mulitlinguale og har stor evne til å veksle mellom fleire språkformer, viser undersøkinga som språkforskar Audhild Gegoriusdotter Rotevatn har gjort om språkbruken i dei sosiale media blant elevar på avgangstrinnet i den vidaregåande skulen på Vestlandet.

Rotevatn har gjort undersøkinga som del av eit masterstudium i skriftkultur ved Høgskulen i Volda, og resultata skal ho presentere ved høgskulen i samband med Forskingsdagane 23. september.

Gode i språk

– Mange bruker dialekt på Facebook og Snapchat, eit enklare og meir forkorta språk på sms, gjerne engelsk i ein blogg og normert bokmål eller nynorsk på skulen. Å skrive dialekt på Facebook er eit medvite val, og ikkje noko dei gjer fordi dei er dårlege i norsk, seier Rotevatn på nettsidene til Forskingsdagane.

Kor gode dei er i norskfaget, har Rotevatn funne ut ved å spørje elevane om karakterane deira.

Elevane var elles i gjennomsnitt på Facebook éin time kvar dag. Ungdommane seier at dei skriv dialekt fordi det er slik dei snakkar, men at det òg har noko å seie at Facebook-vennene deira gjer det.

– Det ser ut til å vere ei uformell norm som seier at dialekt er ok på Facebook, seier Rotevatn.

Dei som skriv dialekt på Facebook, er ikkje nødvendigvis dårlege i språk, men tvert om gode til å veksle mellom ulike språkformer, har språkforskar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Høgskulen i Volda funne ut. Foto: Arne S. Haugen/NPK