Torsdag har det svirra rundt små grupper med gule refleksvestar i gatene rundt om i Ulsteinvik. Denne gongen var det ikkje ein barnehage på tur, men i staden om lag 70 tilsette i Island Offshore.

I løpet av torsdag og fredag arrangerer reiarlaget ein konferanse for kapteinar, maskinsjefar, verneombod og ein del av dei som arbeider på kontor i Ulsteinvik. På programmet denne gongen var ein ettermiddag med 20 utfordringar på programmet, Island Offshore Challenge.

- Vi ønskjer å få fram litt konkurranseand i deltakarane samstundes som det er ein flott måte å bli kjende på. Det er teambuilding, det er utfordrande og det er morosamt, fortel Jan Rise i Island Offshore då vi treff han på ein av postane.

Island Offshore prøvde seg på ei slik aktivitetsløype også under fjorårets konferanse, men denne gongen har dei fått proff hjelp.

- I år er det folka som står bak Sunnmøre Challenge som står bak postane, fortel Rise.

Ei gruppe har vore med på Island Offshore Challenge og konferanse no, medan ei ny gruppe skal i elden i oktober.

- Akkurat her er det ein ganske enkel post, men der er tøffe postar også, fortel Rise.

Deltakarane har ei viss tid på seg til å fullføre så mange av dei 20 postane som mogeleg, og akkurat som i Sunnmøre Challenge, så er det mykje taktikk inne i biletet for å sanke så mykje poeng som mogeleg i løpet av tida ein har til rådigheit.