Politiet gjennomførde torsdag kveld ein kontroll i Ulsteinvik sentrum.

I løpet av to timar var det tre bilførarar som fekk forelegg for å ha snakka i mobil medan dei køyrde. I tillegg var det seks personar som fekk gebyr fordi dei ikkje hadde på seg bilbelte.