Trine Falkenstein har svart at ho tek stillinga som kommunalsjef i sektor for oppvekst i Hareid kommune.

Ho er 45 år gammal og busett i Førde.

Falkenstein har jobba som leiar i kommunal forvaltning sidan 2003.

I løpet av denne tida har ho mellom anna teke master i organisasjon og leiing, står det å lese på Hareid kommune si nettside.

I jobbane som inspektør, rektor og kommunalsjef og HR-leiar/HMS-koordinator i privat næringsliv har ho vore med på mykje som ho meiner vil gjere henne godt rusta til å gjere ein god jobb som kommunalsjef i Hareid.

- Eg er oppteken av å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge, og eit arbeidsmiljø som legg til rette for vekst og utvikling, uttaler ho.