Katten Amadeus bur på Dragsund. Lokalavisa Vestlandsnytt skriv at pusen elskar ungar, kosar seg når han blir børsta og at han kjem lydig springande når matmor Lynne Gjerde ropar på han.

Men den lyse katten har ei mørk side. Han går rundt i nabolaget og stel ullsokkar.

Fjellsko og lestar til lufting

Då Amadeus nyst kom dragande heim med ein kjempestor og sveitt ullsokk, måtte Lynne Gjerde etterlyse eigaren gjennom sosiale medium. Det synte seg at eigaren var Kjell Runde, rektor ved Haddal skule og lokalpolitikar i Herøy.

Rektoren hadde vore på ein fjelltur og sett fjellskorne, med tilhøyrande raggsokkar, til lufting utanfor døra. Då skorne skulle hentast inn att, var eine sokken borte. Via Facebook fekk han etter kvart nyss i at det truleg var lesten hans som hadde hamna hos naboen.

Det høyrer med til historia at då Kjell Runde troppa opp hos naboen for å få att lesten, begynte Amadeus både å skrike og bere seg. Han ville ikkje gi frå seg det største trofeet han hadde fanga til no.

Fangar ikkje mus

Lynne Gjerde fortel til Vestlandsnytt at Amadeus ikkje fangar mus, men at han i staden jaktar på sokkar.

Dei leverer han ved verandadøra.

Lynne synest det er svært trasig med denne fangsten.

Legg dei frå seg under trampolina

Sokkefanginga starta då familien hadde vitjing frå England. Dei hadde ein baby, og då dei skulle reise, sakna dei eine babysokken. Nokre dagar etter fann Lynne sokken under sofaen. Seinare har Amadeus gjort det til sport å ta dokke-sokkane til dottera, og etter det har han fått forbod mot å vere på soveromma.

Utandørs har Amadeus dei siste par åra drege heime 10-11 ulike sokkar, som han legg frå seg under tramplina.

Viss nokon i Dragsundområdet saknar sokkar, er det berre å ta kontakt med Lynne Gjerde. Då vil ho sjekke i lageret til Amadeus.