Når og dersom den planlagde kaia til Libra Eiendom og Holstad Rørservice blir bygd på Raffelneset industriområde på Hareid, vil området få ein samanhengande kaifront på 585 meter.

Dette går fram av skissene som følgde Sporstøl Arkitekter si siste detaljregulering for området som var lagt fram for sluttgodkjenning i Hareid formannskap denne veka.

Frå før har Ulmatec og Hareid Group bygd kaier med tilsaman 220 meter lange frontar. Den nye kaia til Libra/Holstad blir endå lenger; heile 365 meter.

Krav om konsekvensutgreiing

Saka kom ikkje til realitetshandsaming i formannskapet fordi det hadde kome inn ein merknad frå Ulmatec om manglande konsekvensutgreiing. Eit samrøystes formannskap meinte denne innvendinga, sjølv om ho kom etter fristen, var så relevant at dei vedtok å utsetje saka og be administrasjonen om å sjå nærare på det.

Behovet for ei konsekvensutgreiing går på sjøområdet utanfor kaiene. Legging av kablar og høve til oppankring er mellom dei tinga ein slik konsekvensanalyse må ta opp.

Ettersom det er snakk om ei omfattande utfylling i sjøen, vil det ta tid å realisere den nye kaia. Og først må både utfyllings- og byggeløyve på plass.