Litt over to i ettermiddag var eit vogntog oppi taket av Selvågtunnelen, melder NRK Møre og Romsdal.

Sunnmørsposten skriv at føraren berre stakk frå staden, sjølv om der låg både stein og delar av bilen igjen i tunnelopninga.

Det var andre bilistar som melde frå. Tunnelen vart stengt, for tunnelen måtte undersøkjast før han vart opna igjen.

Alt klokka 14.19 melde Statens vegvesen om at tunnelen var opna.