Gunn Berit Gjerde slår fast at "Ullensvang" har både dårlegare kapasitet og er ei dårlegare ferje til stekninga Hareid-Sulesund enn dei som trafikkerer der i dag.

- Fagfolk i skipsindustrien har heilt sidan det vart kjent at "Ullensvang" skulle trafkkere her, kome med varsku om at ho ikkje vil klare å halde tidene. Det fekk vi også bevist då ferja vart sett inn som reservefrje tidlegare i år, kommenterer Gjerde.

Ho meiner "Ullensvang" kjem til å skape mykje bry og gi næringslivet. Dette fordi dei er heilt avhengige av regularitet for å få varer ut og inn til bedriftene. Kapasiteten på ferjesambandet Hareid-Sulesund er for liten alt i dag. Det er ikkje uvanleg at bilar med last blir ståande att på ferjehaldeplassen, noko som er tap av både tid og pengar.

Venstre-politikaren vil vite korleis dei samferdselsansvarlege i fylket vurderer ein slik situasjon. Ho vil ha svar på om det er noko som kan gjerast for å forebygge tapt tid når ferja kjem og det viser seg at ho ikkje kan halde rutetidene.

Og kva er dei økonomiske og eventuelt juridiske konsekvensane av å få ei anna ferje inn i sambandet, spør ho også om.