Knut Nærum har ofte fått ein del merksemd for t-skjortene han har på seg fredagskveldane i Nytt på nytt.

I kveld ser det ut til at han skal ha på seg Eiksund-skjorta. Dette biletet ligg på Facebook-sida til Nytt på nytt og syner kva gjester dei skal ha i kveld: Hans Olav Brenner og Knut Olav Åmås.

Kanskje det er medprogramleiar Ingrid Gjessing Linhave som har hatt med seg ei t-skjorte til Nærum frå då ho var i Eiksund i mai, under innspelinga av Då Kork kom til bygda?