I helga vart ein båt meld stolen frå Liadal. Båten, som låg i utfar ved eit naust, er ein 9 fots, kvit Askeladden med ei blå stripe langs det øvste bordet. Båten var utstyrt med ein 5 hk Mercury påhengsmotor og har forsvunne ein eller annan gong den siste veka.

Dette minner mistenkjeleg mykje om ein båt som vart funnen drivande i Rovdefjorden torsdag. Då meldte politiet om at ein kvit Askeladden var teken hand om ved Vålneset på Gurskøya. Også denne hadde ei blå stripe. Lengda vert imidlertid oppgitt til 12 fot. Også denne båten er utstyrt med ein Mercury påhengsmotor, rett nok oppgitt til 5,5 hk.