I desse dagar svingar fire polakkar målarkostane på Hareid kyrkje i regi av Terje Karlsen Wiik sitt firma Ward1.

- Det er tolv år sidan vi måla vest- og nordfasaden, og sju år sidan vi måla austfasaden og sørfasaden. I år tek vi vestfasaden, nordfasaden og reima og det nedste bordet på sørfasaden og austfasaden, fortel Karlsen Wiik, som rosar kyrkja for å vere flink på vedlikehald.

- Då vi tok vestfasaden sist gjekk vi svært grundig til verks med sliping og skraping og to-tre strøk. Denne gongen legg på to strøk. Til no har det vore vanleg å måle opp att etter 7-8 år. Men med dagens forbetra målingstypar er det garanti på tolv år.

– Vi reknar med at det går med 150 liter til arbeidet denne gongen, legg han til.

Av dei fire polakkane er det berre ein som bur fast med familie på Hareid. Dei andre er her i periodar på om lag ein og ein halv månad om gongen før dei reiser heim.

Karlsen Wiik har hatt dei dyktige arbeidarane i si teneste sidan 2008 – og ser det som ei ære å få gjere arbeid som dette.