Kersti Hasund og Mari Ann Vattøy i den lokale demensforeninga er skuffa over at ikkje ein einaste politikar i Ulstein møtte opp for å høyre på ordføraren i Moss.

Dei opplyser at det var sendt ut invitasjon til kommuneleiinga i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

- Vi hadde verkeleg venta at det kom nokon frå Ulstein kommune. Konferansen vart til og med halden i vår kommune, kommenterer dei to kvinnene.

Burde også vore folk frå administrasjonen

Dei meiner at både den politiske og administrative leiinga i Ulstein hadde hatt stort utbytte av å høyre ordførar Tage Pettersen snakke om kor små grep som eigentleg skap til for å skape eit meir demensvennleg samfunn.

- Det er tydeleg at ordføraren i Moss brenn for demenssaka. Kommunale eldsjeler er viktig,  seier Hasund og Vattøy, som begge sit i styret til Ytre Søre Sunnmøre Demensforening.

Begge håper at kommunen kan få , med både fagfolk, pårørande og folk med demens.

Og når politikarane ikkje kom til dei, vil styremedlemene gjerne kom til dei:

- Vi vil gjerne kome på eit kommunestyremøte for å orientere både politikarane og den administrative leiinga i kommunen.

Ordføraren beklager

Jan Berset, ordførar i Ulstein (H), seier til Vikebladet Vestposten at han var tenkt å gå på møtet i regi av Søre Sunnmøre demensforening.

- Men eg fekk det rett og slett ikkje til å passe inn i timeplanen min, og det beklager eg så mykje.

I ettertid ser han at han burde prøvd å delegere oppmøtet til nokon annan.

Berset understrekarat han synest demensomsorga er ei viktig sak.

- Demensomsorga er krevjande i Ulstein alt i dag, og ho kjem til å bli endå meir krevjande i åra framover, så vi burde ha vore på møtet, slår han fast.

Leiar: Manglande engasjement for demenssaka

Ikkje forsvarleg

- Lite vits i flotte bygg når ressursane manglar

Ei skam for velferdsstaten