Måndag 29. september skal hotellet vere klart til å ta i mot dei første gjestene. Hotelldirektør Gunther Dahler seier til Sunnmørsposten at dei er i rute og blir ferdige til opninga.

Dei tolv første gjestene er kursdeltakarar i det nye simulatorsenteret. Senteret vil gje hotellet eit belegg på 6–7 prosent til ei kvar tid.

Hotellet reknar med å få ein del kundar frå det maritime næringslivet i Herøy. Dei reknar også med at badeanlegget i Fosnavåg vil dra litt kundar til dei.

Hotellet har 115 rom, restaurant med 220 sitjeplassar, to selskapslokale, fire konferanserom, seks møte suitar og eit stort vrimleområde.

Knytt til hotellet blir det også konsertsal og Fosnavågs nye kino. Kulturhuset opnar 23. oktober.