Frå 15. september har politiet på Søre Sunnmøre gjort om på turnustenesta og fått fleire stillingar. Med det nye opplegget vil det til ei kvar tid vere minst to patruljar ute på Søre Sunnmøre, skriv avisa Møre-Nytt.

Men det betyr ikkje at dei alltid vil vere synlege, for det kjem til å bli satsa på ein del sivile patruljar. Det er ofte ein fordel å vere sivill. Blant anna ved trafikktenester og når narkotikalovbrot skal avslørast.

No vert det meir politi i gatene