Då fylkesutvalet i Møre og Romsdal var samla til møte i dag vedtok dei at vertskommunar for havbruksanlegg må få ein større del av verdiskapinga frå havbruksnæringa. Ei arealavgift/ressursavgift som gjenspeglar arealbeslaget eller volumet som vert produsert i kommunen vil vere mest rettferdig. Samstundes må kommunane og fylkeskommunane verte tilgodesett med eventuelle vederlag ved framtidig tildelingsrundar av oppdrettsløyver.

Steinar Reiten (Kristeleg Folkeparti) ville ha med eit tillegg i vedtaket om at det må vere ein føresetnad for ei slik ordning at oppdrettsselskape får fråtrekk i utlikna skatt for innbetalt arealavgift/ressursavgift til vertskommunen. Men han vart røysta ned.