Ulstein Høgre vart det største partiet i Ulstein kommune etter kommunevalet i 2011. Dei fekk 32,1 prosent av røystene og Jan Berset vart valt til ordførar. Berset har meldt ifrå at han ikkje tek attval som ordførar.

I kveld skal Ulstein Høgre ha styremøte og varsle frå kven som blir ny ordførarkandidat frå partiet.

Blir det Knut Kleiven, som er leiar i Ulstein Høgre, medlem i levekårsutvalet og kommunestyret?

Eller blir det Heidi Strand som har fleire periodar bak seg i formannskapet og kommunestyret?

Kan det blir den gamle ringreven Tor Meinseth? Leiar i teknisk utval og medlem i kommunestyret.

Kva med Steven Pushparajah Karunasamy? Som for nokre år sidan vart nominert til årets nordmann, driv filmselskap, Ulsteinvik Bowling og er ingeniør på Ulstein Verft, i tillegg til å vere politisk aktiv og sitje i kommunestyret.

Ulstein Arbeidarparti har alt gått ut med at Magne Grimstad jr. er deira ordførarkandidat.

Følgjer med frå Spania