Tysdag føremiddag var Olav Sæter ute og jogga oppfor bustadfeltet Vikemarka. Han jogga på ein fin turveg. I dét han nærma seg brua over elva, såg han at det kom ein mann og ei kvinne med ein stor svart hund på vegen han skulle svinge opp på. Sæter kjende seg ikkje trygg på hunden, han såg ikkje heilt tam ut. Men hunden var i band, så Sæter tok for gitt at hundeeigaren hadde kontroll på hunden sin.

Han rekna med at det kom til å gå bra å jogge forbi hunden, men la likevel inn ein ekstra sving rundt hunden. Men nei, hunden hoppa på Olav Sæter. For å verne andletet tok Sæter arma opp mot andletet, men der glefsa hunden til, så Sæter byrja å blø.

Sæter skal ha sagt til mannen som heldt hunden i band at dette var ei politisak. Han skal også ha sagt at det minste dei kunne gjere var å beklage hendinga, då gjorde dei det. – Ja, beit han deg då, skal dei ha sagt, noko Sæter stadfesta at hunden gjorde.

– Det var nesten verst at dei hadde hunden i band, og likevel ikkje hadde kontroll på han, kommenterer Sæter til lokalavisa.

Legen vil melde det til politiet

Denne hendinga gjorde at Olav Sæter fekk avbrote joggeturen sin og drog til legen. Stian Endresen sette så ei stivkrampesprøyte i han. Lege Endresen skal ha sagt at dette var ei alvorleg hending som han rutinemessing ville melde til politiet.

Ein tankevekkar

Olav Sæter presiserer til Vikebladet Vestposten at han ikkje går ut i avisa for å rette fokus på seg sjølv, men for at det skal vere ein tankevekkar for hundeeigarar. Dei må ta ansvar for dyra sine. Folk må kunne kjenne seg trygge når dei ferdast på turvegar. Kva om dette hadde skjedd barnehageborn på tur?

– Eg er ikkje redd hundar, men om eg hadde vore det hadde dette vore ei oppleving som hadde sete i, seier han.

– Så du lar ikkje dette stoppe deg frå å ta nye joggeturar i marka?

– Nei, det var ubehageleg, men eg vil ikkje vere redd hundar i framtida. Ein må sjå dyra an.

Skaden kosta Olav Sæter 437,- med Ulstein legesenter. Det var sure pengar å betale, når ikkje hundeeigaren beklaga skikkeleg det som hende heller. Foto: Olav Sæter