Det er snart eit år sidan vegen gjennom Holsekerdalen vart opna med skuleelevar, ordførar og snorklipping, men heilt ferdig har ikkje vegen vore.

Onsdag skal endeleg toppdekket på vegen leggjast, og ifølgje Odd Kåre Wiik, leiar for drift og anlegg i Ulstein kommune blir vegen gjennom Holsekerdalen stengt gjennom heile dagen.

– Vegen blir stengd frå klokka 08.00, fortel Wiik.

Han seier at vegen skal vere stengd frå rundkøyringa ved Amfi og opp til krysset mellom Støylesvingen og Holsekerdalen.

– Det blir asfaltert endå lenger fram, forbi den nye busslomma og i området der det har vore greve, oppover mot Høddvoll.

Omkøyring

Ifølgje Wiik skal det vere mogeleg å køyre frå Støylesvingen og bort til fylkesvegen. I tillegg blir den gamle Holsekervegen opna for trafikk medan vegen gjennom Holsekerdalen blir asfaltert.

Ved anleggsområdet der dei nye omsorgsbustadene veks fram har det vore sett i gang tiltak for å senke farta. Desse må fjernast når asfalten skal leggjast.

– Det vil framleis vere 30-sone i området, og det er svært aktuelt å til dømes leggje ned gummidemparar dersom farta aukar i området, fortel Odd Kåre Wiik.

Wiik fortel at asfalten må leggast no, før det blir kaldare, fordi det er ein asfalttype som må ha nokre plussgrader under legginga.

Måndag vart det fresa vekk litt av asfalten ned mot rundkøyringa ved Amfi.