Oppgradering av vegnettet i hjartet av Ulsteinvik har ført til omkøyringar og til tider kaos i sentrumsbiletet. Den siste tida har arbeidet nådd området ved Ulstein rådhus. For å legge ned rør og anna under det som skal bli eit oppgradert vegnett gjennom sentrum, må entrepenøren grave store grøfter. I skrivande stund er Hatløy's Målarforretning "sperra inne", med unntak av inngangar frå sidene.

- Det er jo sjølvsagt litt frustrerande når det står på, men det blir heilt sikkert veldig bra når det står ferdig. Vi bur jo i ein by, og byutvikling er noko som må til, seier dagleg leiar Terje Hatløy til Vikebladet Vestposten.

- Positivt for Ulsteinvik

Hatløy vil presisere at det framleis er mogleg å komme seg fram til butikken hans, sjølv om det blir litt meir komplisert.

- Det er fullt mogleg framleis, men ein må no ta i bruk sidevegane. Folk får ta det som ei skattejakt, seier Hatløy og smiler.

I staden for å irritere seg over situasjonen, vil Terje Hatløy heller berømme dei som jobbar på prosjektet og dei som har bestemt at sentrum skulle oppgraderast.

- Eg tenkjer at det som skjer i sentrum no er veldig bra. Det er positivt for byen Ulsteinvik. Ein får også ned farta i sentrum, noko eg meiner er veldig viktig. Det har vore eit problem på vegstrekninga gjennom sentrum. Med noko smalare vegbane trur eg vi kan få mindre tullkøyring, seier han avslutningsvis.