Magne Grimstad Jr. er i Spania då Vikebladet Vestposten ringjer han. Sjølv om ordførarkandidat frå Ulstein Arbeidarparti er ein del mil unna Ulsteinvik, følgjer han med på nominasjonsprosessen til Ulstein Høgre.

Han har lese nettsaka på Vikebladet.no der det blir spekulert i kven som blir ordførarkandidat frå Ulstein Høgre.

– Eg er sikker på at dei vel ein god kandidat, seier han.

Han legg til at Høgre er eit parti dei i Arbeidarpartiet har samarbeidd med ein del, så dette er veldig spennande for dei. Han vil ikkje ut med noko namn på kven han trur blir ordførarkandidat. Han har sett på lista over namn som avisa har lansert, men trur også det kan dukke opp andre kandidatar, utan at han veit kven.

– Alle kandidatane her verkar som hyggelege, greie og verdige, meiner Grimstad, som vil logge seg inn på nettet i kveld for å sjekke kven det vart.