Då vaskarane kom på jobb ved Ulstein ungdomsskule i går rann vatnet i strie straumar frå taket, og rektor Siv Marit Røyset Kaldhol såg ikkje anna råd enn å sende ungdomsskuleelevane heim igjen. Det var då uvisst når skulen kunne opnast for undervisning.

Men no melder rektoren at skulen kan opne igjen.

- Taket ved Hareid ungdomsskule har bestått "testen" i natt og ser no ut for å vere tett, varslar Siv Marit Røyset Kaldhol til Vikebladet Vestposten.

Det blir difor lagt opp til ordinær skule frå måndag av.