Vinden røska godt i trea i natt. Sjølv om politiet melder om at stormen ikkje førte til alvorlege skadar, har han etterlate seg synlege prov på herjingane sine natt til laurdag.

Bak biblioteket i Ulsteinvik greidde stormen å knekke eit stort gamalt tre rett av.

Heldigvis kom ingen hus eller menneske til skade. Men der blir litt av ein jobb å høgge opp treet til ved. Det at treet ligg over elva gjer ikkje jobben lettare.

Yr.no melder om frisk bris og liten kuling laurdag ettermiddag. Sundagen blir også våt og vindfull.

Det var store naturkrefter i sving natt til laurdag. Komande natt er det meldt frisk bris og liten kuling.