Debatten kring leigesatsar i dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen og på Sjøsida vart lagt død i kommunestyresalen torsdag.

Då vedtok fleirtalet i kommunestyret å gå inn for dei tilrådde leigesatsane, og for ei omdefinering av bustadene på Øvre Ulshaug til kommunale leigebustader, men ikkje før bustadene blir ledige.

KrF med Steinar Torvik tok til orde for å endre andre punktet i framlegget.

– Behovet for omsorgsbustader minkar ikkje med åra. Folk må kunne bu i sin eigen heim så lenge som råd.

I Torvik sitt framlegg, som i stor grad var likt framlegg frå Venstre i levekårsutvalet, ønskte også KrF å få med ei setning om at eldre søkjarar skal få prioritet.

– Eg undrar meg over kvifor vi ikkje kan skrive det vi meiner skal stå der, sa Torvik som meinte at framlegget kunne vere forvirrande.

Under røystinga vart husleigesatsane på dei nye bustadene samrøystes vedteke.

Fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for formannskapet si tilråding om bruken av bustadene på Øvre Ulshaug. Framlegget frå KRF fekk 8 stemmer.