Ca ti minutt ut i 2. omgang leia Godøy 22-11 over Hareid i 4.-divisjonskampen i handball for damer i Hareidhallen laurdag ettermiddag. Deretter kollapsa Hareid fullstendig og let Godøy vinne resten av omgangen med 14-0 (!)

Sluttresultatet vart 36-11.

Det som ei stund såg ut til å kunne bli eit heiderleg sluttresultat mot favoritten Godøy, vart eit braktap.

Hareid starta begge omgangane bra. I 1. omgang heldt dei to laga følgje til 4-4. Stillinga 7-10 midtvegs i omgangen var heller ikkje å kimse av. Men så drog det seg til – og Godøy gjekk til pause med ei 16-7-leiing.

I 2. omgang skora Hareid fire tidlege mål medan Godøy samtidig skora seks. Så trykte Hareid på AV-knappen, eventuelt var det Godøy som trykte inn PÅ-knappen.

Det positive ved denne Hareid-kampen var at laget spelar hurtigare handball enn i fjor. Ballen går kjapt frå spelar til spelar. Iselin S. Klungsøyr var ein flink ballfordelar det meste av kampen. I 2. omgang fekk vi også sjå Malin Kaldhol i denne rolla. Men gjennombrotskrafta var det verre med. Her var June Skeide Bergseth nokså einsleg fugl med sine fem mål. Elles leid Hareid av å ikkje ha ein god langskyttar. Laget hadde heller ikkje kontringsspel som dugde. Godøy var mykje snarare i snuen når dei hadde vunne ballen.

Dette var Hareid sin andre seriekamp i 4.-div. denne sesongen. Den første enda med 18-22-tap borte mot Sykkylven/Stranda. Godøy kom på si side frå eit 24-25-tap heime for Ørsta, som også har vunne ein bortekamp mot Vestnes/Varfjell med 47-21.

Hareid sin neste kamp er borte mot Isfjorden 19. oktober. Dagen før spelar Hødd sin første kamp i år, borte mot Godøy.

HANDBALL:

4.-div., damer

Hareid-Godøy 11-36 (6-17)

Mål, Hareid: June Bergseth (5), Astrid Ertesvåg (3), Susanne Bigset, Malin Kaldhol og Lene Mari Andresen 1 mål kvar.

*** June Bergseth

** Iselin S. Klungsøyr

* Astrid Ertesvåg

HAREID: Line Kvalsund Paulsen, Andrea Hasund, June Skeide Bergseth, Sunniva Liaset, Susanne Bigset, Iselin S. Klungsøyr, Monica Røyset, Karina Gade Larsen, Lene Mari Andresen, Astrid Ertesvåg, Marte Giske, Malin Kaldhol, Marte Rise, Oline Ertesvåg.