Hødd skal spele bortekamp mot Hønefoss klokka seks i kveld. Dei skulle ta eit morgonfly frå Vigra til Oslo i dag tidleg, men det flyet fekk tekniske problem, skriv Sunnmørsposten.

Det førte til at dei fekk seg ein del timar på Vigra flyplass. Det første SAS-flyet går ikkje før klokka tre, då må kampen utsetjast nokre minutt.

Men no ser det visst ut til at dei får vere med eit Norwegian-fly klokka eitt.

Oppdatering klokka 13.30:

Sunnmørsposten melder at det var berre dei 11 spelarane som skal starte kampen mot Hønefoss som fekk vere med flyet klokka 13.05. Resten må vente til flyet som går klokka 14.25.