Det har skjedd lite i kjellaren på Melshorn hotell (tidlegare kalla Hareid hotell) dei siste par åra. Etter ei tid med spekulasjonar vart det i går offentleggjort at det blir pubdrift i kjellaren frå og med neste helg.

"Drivar av Hareid Pub (midlertidig navn) vert identisk med drivar av Hareid Pizza på ytre. Vi satsar på trubadur/live musikk kvar helg. Om alt går etter planen står første trubadur på scena allereie til helga", melder Hareid Pub på facebook.

Vi snakkar med Balasingam "Bala" Mylvakanam i ettermiddag. Han bekreftar at mykje er på gang, og at fleire nyheiter rundt oppstarten kjem i morgon.

Les meir om saka i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.