Etter krav frå Folkelista skal reguleringsplanen for Holstad bustadfelt til lovlegkontroll hos Fylkesmannen. Men med 18 mot 3 røyster avviste Hareid kommunestyre torsdag Folkelista v/ Dag Audun Eliassen sitt forslag om å ta planen opp til ny handsaming og ny høyringsrunde.

Bakgrunnen for  kravet var at karta i saka, i følgje Eliassen, hadde vore feil. Vasskanalen i feltet hadde vorte lagt inn på eit landbruksområde utan at høyringsinstansane hadde vore klar over det. – At kommunestyret var klar over det, er  ei mager trøyst, meinte han.

Ottar Røyset (H) viste til at mange stod og venta på å kome i gang med bygging. Han skulle ønske at dei som ville ha ny behandling, trekte kravet sitt. – Og kva er intensjonen; å stoppe eller trekke det ut? – Viss planane skal endrast, vil det ikkje vere økonomi i prosjektet til å gjennomføre det, meinte Røyset.

Ordførar Anders Riise (H) foreslo å sende saka til fylket for endeleg vedtak – og fekk altså klart fleirtal for det.

Orienteringsmøte om byggefeltet.