Smp.no skriv måndag at Trond Arne Aglen frå Ulsteinvik er ein av tre søkjarar på stillinga som mellombels politimeister i Sunnmøre politidistrikt. Aglen som tidlegare har arbeidd i Ulsteinvik, men er no regionlensmann i Sogn skriv Smp. Aglen er opphavleg frå Trøndelag.

Stillinga som politimeister vart lyst ut etter at det vart klart at Jon Steven Hasseldal vart tilsett som ny politimeister i Østfold.

For tida er Ingar Bøen fungerande politimeister i Sunnmøre politidistrikt. Han er også ein av dei tre søkjarane til politimeisterstillinga.