69 prosent av innbyggjarane i Ulstein og heile 78 prosent i Hareid er klare for kommunesamanslåing, viser ei undersøking Sentio Research har gjort for Sunnmøre Regionråd.

Men sjølv om fleirtalet er klare for å kaste loss mot ei felles framtid, så er ikkje alle koalisjonar like velkomne.

For innbyggjarane i Ulstein og Hareid vil helst vere saman, utan nokon andre. I Hareid vil 91 prosent av dei spurte slå seg saman med Ulstein, medan 92 prosent av dei spurte i Ulstein vil slå seg saman med Hareid.

Herøy og Sande er ikkje like attraktive som samarbeidspartnarar, skal ein tru undersøkinga, og tanken på å slå seg saman med Ørsta, Volda eller Vanylven ser ut til å vere fjern for dei fleste på Hareidlandet.

Få vil innover

Herøyværingane vil helst slå seg saman med Sande. 73 prosent ser på det som det mest naturlege steget, og i Sande er 68 prosent positive til ei slik samanslåing.

I Herøy er også 65 prosent av dei spurte interesserte i å slå seg saman med Ulstein, 42 prosent vil ha med Hareid på laget.

For Sande sin del er det mindre attraktivt å sjå til Ulstein, men sandssokningane er hakket meir positive til Hareid enn folk frå Herøy. 44 prosent i Sande kan tenkje seg å gå hand i hand med Hareid, medan 46 prosent vil ha med Ulstein.

Medan 48 prosent av dei spurte i Ulstein kan tenkje seg ei samanslåing med Herøy, og 33 prosent er positive til å slå seg saman med Sande, ser det mørkare ut for ei storkommune sett frå Hareid. Her vil berre 20 prosent av dei spurte slå seg saman med Herøy, medan 19 prosent kan tenkje seg å ha med Sande.

Ulstein-rådmann Einar Vik Arset har tidlegare åtvara mot at to og to kommunar slår seg saman, men utifrå undersøkinga frå Sentio kan det sjå ut til at innbyggjarane ikkje er klare til meir.

Berre 11 prosent av dei spurte frå Hareid kan tenkje seg å slå seg saman med Ørsta eller Volda. I Ulstein kan 14 prosent tenkje seg eit samvere med Ørsta, men berre 12 prosent ser til Volda. Endå større er negativiteten til å ta med Vanylven på flyttelasset.

Med slike tal blir det utfordrande å samle Søre Sunnmøre til ei storkommune. Kanskje blir det også for tøft å samle dei fire i ytre.