Dyre merkevarevesker er trendy. Heilt ned på barnetrinnet skal det vere Michael Kors og Marc Jacobs. Det merkar forsikringsbransjen godt.

Forsikringsselskapa får melding om over 25.000 tjuveri og tap av reisegods kvart kvartal.

- I det siste har vi spesielt merka oss ein auke i tjuveri av dei dyre merkeveskene, fortel Heidi Tofterå Slettmoen, kommunikasjonsansvarleg i Frende Forsikring.

Spesielt unge er utsett. Over halvparten av reiseskader som blir melde av personar under 30 år, er tapt reisegods syner analysene til sparebankeigde Frende.

- Unge jenter har dyre vesker med seg på skule, heilt ned i barnetrinnet. Andre har merkevarevesker med på byen og på shoppiing, fortel Slettemoen.

- Har du ei dyr verke har tjuven lett for å tru at du har verdiar i den også. Ting som er daglegdagse for deg, kan vere luksusgjenstandar for andre. Misunninga eller freistinga kan bli for stor, og resultere i at tingen blir stolen.

Slettemoen åtvarar unge mot å ha med seg dyre vesker på stader der det kan vere vanskelege å passe på dei.

Dyre lommebøker og clutchvesker

Clutchvesker og dyre lommebøker er noko skadebehandlarane i forsikringsselskapa har merka seg ofte. Dei kan vere nappa frå barnevogner eller stolne får handlevogn i eit uoppmerksamt augneblink. Andre blir fråstolne veska medan dei har ho liggande på kafebordet, ved sida av baren eller i garderoben.

Når dyre mobilar, nettbrett, kostbare briller og merkeklede blir stolne eller øydelagde trekkjer det gjennomsnittsutbetalingane opp, og reiseforsikringane blir dyrare.

Tjuveri, ran og skadeverk er typiske skader som blir dekt av reiseforsikringa.

- Uhell er vanlegvis ikkje dekka. Fell mobilen frå lomma eller bordet, veska forsvinn frå stolryggen, eller jakka blir stolen medan du er i baren, kunne du som regel passa betre på tinga dine. Pass spesielt på verdiane dine på stader med mykje folk, seier Slettemoen.

Ho tipsar om at folk bør kontakte politiet viss dei blir utsette for tjuveri. Få alltid ein kopi av meldinga dersom du vil ha pengar igjen av forsikringsselskapet.