Den 69 år gamle mannen som vart henta ut av ein brennande bygning i Herøy fredag, døydde tysdag av skadene.

Mannen vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, og sjukehuset skriv tysdag i ei kort oppdatering at pasienten er død og at dei pårørande er varsla.

Etter at det byrja å brenne i firemannsbustaden på Eggesbøneset i Herøy, vart den alvorleg skadde mannen frakta til Ålesund sjukehus.

Les også: Brann i Herøy

Søndag skreiv Smp.no at tilstanden var forverra, og han vart difor flytta til Haukeland for vidare behandling.

Tysdag viste det seg desverre at livet ikkje stod til å redde.