Då Linn Therese Holstad studerte i Bergen var ho besøksven for ei dame som på grunn av angst og depresjon stod utanfor arbeidslivet. Kvinna trong kontakt med andre menneske. Holstad spelte sjakk med kvinna, dei gjekk på kafé og turar i lag. Etter kvart vart kvinna nærast som ei veninne for Holstad, båe gledde seg til desse møta.

Då Holstad arbeidde som ferievikar på Hareid sjukeheim for nokre år sidan såg ho kor lite tid dei som arbeidde der hadde til å prate med dei eldre.

– Einsemd er utbreitt, særleg mellom dei eldre, seier Holstad og vil gjere noko med det.

Gjennom Røde Kors vil ho starta opp organisert besøksteneste. All kursing og opplæring vil bli gjeve av Røde Kors.

Godt motteke

Monica Småge Skeide og Nina Ulstein, som er leiarar på Hareid sjukeheim, er veldig glade for at Røde Kors vil starta opp eit slikt tilbod. Dei ser at det er mange som kan trenge nokon å snakke med eller som kan aktivisere dei.

Gunn Sætre på Alvehaugen ser også behovet for tilbodet.

Fast vekedag

Det finst to typar besøksteneste. Det eine er at det kjem ein person på besøk heim til ein annan person 1–2 timar kvar eller annakvar veke. Det andre er besøk på institusjon, då er ein fleire i lag og ein gjer ein aktivitet i lag, som å gå på tur eller liknande.

Holstad tenkjer seg at det sistnemnde tilbodet er det som har lågast terskel, så det er det dei vil starte opp i første omgang. Dei vil få til ein fast ettermiddag i veka på Hareid og Ulstein der det blir aktivitetsdag.

Dei ser føre seg at det kan gå på omgang mellom dei frivillige som melder seg til å stille på denne vekedagen.

– Det er veldig behov for å gå tur, seier Skeide. Ho fortel at mange lyser opp når dei får gå tur, men til det krevst det bemanning. Difor hadde det vore strålande å få hjelp utanfrå til denne aktiviteten.

Det treng ikkje å vere så lange turar, det held gjerne med ein tur utfor døra i nærområdet. Kor langt dei kjem til å gå kjem an på tilstanden til dei som er med på tur og vêrtilhøva.

Om nokon heller vil lese aviser, prate eller synge med pasientane er det også kjærkome. Om mange melder seg kan dei utvide tilbodet.

Vil du melde deg til teneste kan du ringje Røde Kors sitt distriktskontor på tlf 05003, eller gå inn på heimesida deira.