Tilbakemeldingane på årets makrellsesong hittil er svært gode frå produsentane si side, og det ser verkeleg ut til at også kundane er einige i det. Måndag tok Vikebladet Vestposten turen til Hareid Godsterminal, der hamnearbeidarane var i full gong med å laste konteinarar med makrell om bord i det 130 meter lange frakteskipet "Samba". Totalt 50 konteinarar, med rundt 30 tonn fryst makrell i kvar, blir med "Samba" til fyrste stoppestad Rotterdam. I Rotterdam blir konteinarane så lasta over på eit endå større skip, som tek dei med til Aust-Asia, nærare bestemt Kina og Japan.

- Om rundt rekna tre-fire veker kan ei kinesisk eller japansk familie nyte ein betre sushimiddag laga med makrell frå Norway Pelagic i Hjørungavåg, seier Terje Karlsen Wiik til Vikebladet Vestposten.

Makrellen har ei lang reise frå då han blir fiska i havet utanfor norskekysten, til den ligg klar på middagsbordet i Kina over 7.000 kilometer vekke. Først blir makrellen lasta av ved anlegget til Norway Pelagic i Hjørungavåg. Her blir fisken handsama og pakka. Så blir den fryst ned og pakka i konteinarar, som igjen blir lasta om bord av Terje Karlsen Wiik og kollegaene hans i Ward1 AS. Båtane som hentar konteinarane er det Norwegian Container Line som eig. Makrellen som blei sendt måndag skal til byane Yantai, Dailan og Qingdao i Kina, og hovudstaden i Japan, Tokyo.

Sjå video øvst i saka, og les meir i papirutgåva av Vikebladet Vestposten torsdag.

Terje Karlsen Wiik har stålkontroll på trucken, og køyrer konteinarane bort til lasteområdet til skipskrana. Kvar konteinar er lasta med om lag 30 tonn makrell.