Tre politidistrikt har fått klar beskjed frå Språkrådet om at dei ikkje kan skrive på bokmål, melder NRK. Det gjeld Sunnmøre, Hordaland og Haugaland. Rådet meiner at politidistrikta bryt mållova når dei skriv bokmål på det sosiale mediumet Twitter.

– Vi har eit tilsynsansvar når det gjeld å følgje opp målbruken i statsorgan. Kor vidt det er flisespikkeri eller ikkje skal eg ikkje begynne å diskutere. Men det er ikkje heilt bra når politiet bryt lova, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

– Ein operasjonsleiar kan ikkje sitje der og kave med nynorsken når han må ta seg av neste telefon. Dei er i ein pressa arbeidssituasjon kvart einaste minutt, kvar einastee dag. Så berre det at dei kan skrive ei twittermelding er strålande, seier kommunikasjonsrådgjevar i Sunnmøre politidistrikt, Eli Anne Tvergrov, til NRK.

Les heile saka.