- Slutt å bruke nemninga Eiksundregionen. Det heiter Søre Sunnmøre, seier Myklebust til Møre-Nytt.

Under eit formannskapsmøte i Ørsta tysdag fekk politikarane presentert ei sak om den komande senterstrukturen i Møre og Romsdal, der fylket er delt inn i fire regionar: Kristiansund-regionen, Molde-regionen, Ålesund-regionen og Eiksundregionen.

- Eiksundregionen er ein konstruksjon som ikkje høyrer heime nokon stad. Dette har vi påpeika tidlegare, og det er slurv når det i denne senterstrukturplanen vert skrive både Eiksundregionen og Søre Sunnmøre, seier Myklebust til avisa.

Og vidare er beskjeden:

- Det er eit fåtal i dette landet som veit kvar Eiksund er, og såleis kunne vi like gjerne ha nytta Yksnøy-regionen eller Steinnes-regionen.

Les heile saka her.