Etter 17 personar sende brev til kommunen om at ballbingen i Øvste Storegjerde bør stengjast fram til rette tryggleikstiltak var på plass, kalla kommunen inn til møte om saka.

Ingen av huseigarane som hadde klaga møtte opp. Det gjorde derimot kommunalsjefane for kultur og teknisk, kommuneoverlegen, og representantar frå grendelaget som var med på å etablere ballbingen. Dei var også på ei synfaring til ballbingen.

Spleiselag

Kommunen vil ikkje stenge ballbingen. – Det er svært sjeldan at det å få ein ball i kroppen, sjølv om ballen har høg fart, kan gje alvorlege skadar, skriv kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol.

Kommunen vurderer vinstane med folkehelse større enn farane ved å ha ballbingen open.

Det kan vere aktuelt å setje opp eit nettingtak, utan at grendelaget får pålegg om det. Dette kan fort koste 50 000 kroner. Kommunen kan bidra med litt, men her må nok bli eit spleiselag mellom grendelag, sponsorar og offentleg. Kommunen meiner bebuarane som har klaga bør ha interesse av å bidra.