Statsadvokatane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane har sett ei ung kvinne frå Ytre Søre Sunnmøre under tiltale.

Dette fordi ho i perioden 28. januar til 28. juli 2013 leverte inn meldekort til Meldekortsentralen der ho let vere å føre timar med faktisk arbeid ho hadde fått ved ein kafe.

Opplysningane på meldekortet danna grunnlag for automatisk beregning og utbetaling av vel 73.000 kroner.