Det er Likestillingsutvalet, med Eva Vinje Aurdal i spissen, som kvart år deler ut ein pris til ein person eller instans som har utmerka seg positivt ved å fremje likestilling i arbeid for frie val og moglegheiter utan omsyn til kjønn, alder, seksuell legning, funksjonsevne, etnisitet og språkval.

- Eg har alltid vore oppteken av å vere open mot dei som av samfunnet kanskje blir sett på som annleis. Det har alltid vore i min natur å tenkje slik. Difor set eg svært stort pris på at eg no får denne prisen. Eg hadde ikkje sett føre meg at eg var ein kandidat til den eingong, seier ein glad prisvinnar til Vikebladet Vestposten.

Oppteken av likeverd

Det var eit einstemmig Likestillingsutval som meinte at Johnsen hadde gjort ein god innsats for likestillingsarbeidet i fylket. Han er utdanna cand.teol får Menighetsfakultetet, ordinert prest og har tidlegare vore kallskapellan i Ørsta, sokneprest i Vik i Sogn og Fjordane, sokneprest i Herøy, og ei tid som vikarprest i Hareid.

I utvalet si grunngjeving står det å lese:

"Jens Terje Johnsen har gjennom si prestegjerning vore oppteken av likeverd mellom alle menneske og mellom ulike menneskegrupper. Han har vore oppteken av at kjønn ikkje skal vere til hinder når ein person skal utpeikast til ulike stillingar, verv, tenester og posisjonar."

Jens Terje Johnsen har ei høg stjerne blant dei funksjonshemma i regionen, dei homofile og lesbiske, og minoritetane i samfunnet.

- Han har ført ein årelang kamp for alle minoritetar og andre diskriminerte grupper. Jens Prest arbeider for å opne kyrkjedørene og gjere kyrkja tilgjengeleg for alle. Dette gjer han til ein verdig mottakar av Møre og Romsdal sin likestillingspris, seier Eva Vinje Aurdal til Fylket sine nettsider.