Gradvis mørkare kveldar, snø og sesongtekk frå sommar- til vinterbeite for dyra er blant faktorane som forklarar kvifor det er spesielt mange viltkollisjonar om hausten og vinteren.

- På landsbasis går talet på kollisjonar markant opp i oktober, samstundes som jaktsesongen har starta, fortel informasjonssjefen i Gjensidige, Arne Voll.

Gjensidige og dei andre forsikringsselskapa har totalt betalt ut 1 milliard kroner dei siste ti åra, til reparasjonar på bilar som har hatt eit ublidt møte med hjort eller anna vilt. I løpet av årets tre siste månader dei 10 siste åra har 13.473 norske bilistar kollidert med dyr.

Dei siste ti åra har 24 bilistar frå Ulstein, 28 frå Hareid, 22 frå Herøy og 23 frå Sande meldt inn skadar etter kollisjon med dyr til forsikringsselskapa. Dette er tal frå Finans Norge.

- Ein grunn til at skilta er der

Arne Voll fortel at samanstøytar med store dyr som hjort og elg oftare fører til alvorlege personskadar når farta er over 80 kilometer i timen.

- Senk farta, spesielt i grålysninga og skumringa og der det er vegetasjon nær vegen, seier Voll og legg til:

- Ver spesielt merksam når du passerer eit skilt som varslar om fare for dyr i vegbana, det er ein grunn til at skilta står der dei står.

Dette gjer du om du kolliderer med eit dyr:

- Hjelp eventuelt skadde personar.

- Sikre skadestaden, mellom anna med varseltrekant.

- Varsle politiet på nummeret 02800. Ring også den lokale viltnemnda.